
Heile programmet lanserast i 2015. Her finn du artistane etterkvart som me "slepp" dei:
ARTISTAR 2015
Følg spelelista vår på Spotify!
(klikk her)

Kurt Nilsen
Laurdag 1 august 2015
Kurt Nilsen og hans fabelaktige band kjem til Os! Dette blir einaste konsert Kurt held i Bergensområdet sommaren 2015. Konserten blir ein storslått feiring av Kurt sine fantastiske låtar og blir ein musikalsk reise gjennom heile hans karriere.
"Eg gler meg så utruleg til å reise ut på veien. Det å møte alle dei fantastiske folkene som bur i dette landet er veldig stort for meg, det er jo dette eg elsker og gjøre. Vi sjåst på tur!" - Kurt Nilsen

Gabrielle
Fredag 31 juli 2015
Vestlandsartisten Gabrielle kjem til Os! Etter tallause rop frå folk i bygdo, er me glade for å kunne presentera denne flotte artisten. Hun slo for alvor gjennom i 2011 med "Ring meg» som ble den mest spelte låten på norske strømmetjenestar nokonsinne, og hun bare fortsetter og lage bangers. Som einaste norske artist opptrådte Gabrielle på Nobels Fredspriskonsert i haust med det som var en av fjorårets største hits « 5 Fine Frøkner».

deLillos
Laurdag 1 august 2015
Den norske popgruppa deLillos vert danna i 1984. Gruppa blir rekna som ein av dei mest markante i norsk musikkliv fra 1980-talet og frem til i dag. Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne vert deLillos referert til som ein av dei "fire store" norske rockegruppar. Dei har 2 Spellemannspriser og heile 8 nominasjonar på baklomma. Vi gler oss!

Monica Heldal
Laurdag 1 august 2015
Monica Heldal frå Arna debuterte med albumet Boy From the North i november i fjor og fekk fantastisk respons; to prisar under Spellemannprisen 2013, årets nykomar med Gramo-stipend på 250.000 kroner og klassen popsolist. «Denne artisten må du oppleve før hun blir for stor», skreiv Dagbladet etter at Monica opna årets Øya-festival.

Halvdan Sivertsen
Fredag 31 juli
Vi er stolte over å kunne presentere den folkekjære gitarkameraten Halvdan Sivertsen til årets festival. Godt humør, tekster til ettertanke og musikalsk spenst er stikkordene. Sivertsen har vunnet hele 5 Spellemannspriser (3 alene og 2 med Gitarkameratene). Gled deg til et stemningsfullt gjenhør av kjente og kjære viser fra en av Norges beste trubadurer.
Halvdan spiller fredag 31 juli med fullt band.

Bendik Brænne
Laurdag 1 august 2015
Spellemannsprisvinnar i "Country" Bendik Brænne lagar musikk av svært høg kvalitet. "How To Fake It In America" er ein fantastisk plate, og for deg som likar The Band, Van Morrison eller rett og slett berre god låskrivarkunst med eit supert band er Bendik Brænne garantert ein av konsertane du ikkje kan gå glipp av!

Haavard Skaatun
Fredag 31 juli - VIP-teltet
Haavard Skaatun frå Fusa er ein av dei mest talentfulle lokalartistane vi har. Rock og country blir blanda med gode, melodiøse låtar og ein særprega stemme. Håvard er aktuell med plata "Flying in the Free" som blei sluppa i vår. Vi kjem nok til å sjå mykje meir til Håvard i årene som kjem.

Christine Sandtorv
Laurdag 1 august 2015 - Barnekonsert i Oseana kl 13.00 (NB eigne billettar)
Christine Sandtorv tek med seg Stjernetellerbandet og det lokale barnekoret på scena i ein festkonsert for heile familien på Oseana Kunst- og Kultursenter. Plata "Dinomaur" blei kåra til "Årets beste barneplate 2014" og vann Spelemannspris.

ELG Band
Fredag 31 juli 2015
Den legendariske soulstemmen fra “Dance With A Stranger” kommer nå med sitt eiga band.
Elgs kraftfulle «svarte» stemme var med å lage ein signatur som få andre band kunne konkurrere med. Vi får gjenhøyr med dei gode gamle slagerne frå "Dance With A Stranger", og rykande ferske nye songar frå Elgs soloalbum.

MK'S Marvellous Medicine
Laurdag 1 august 2015 - VIP-teltet
Marie Kristin Dale og trioen MK's Marvellous Medicine er eit "up and coming" groovy bluesrockband som pumpar liv i den gitarbaserte rocken på ein ny og spennande måte, forankra i stilartar lik Stevie Ray Vaughan og Jimi Hendrix. Laurdagen held dei konsert i VIP-teltet før det brakar laus på hovudscena "Oselvaren".

Terje Frigaard
Festivalcruise med MS Midthordland. (Avgangar laurdag kl 14.00 og 16.00)
Terje Frigaard er eit fyrverkeri som leverar gnistrande og stilfull bluesrock med eit strålande band i ryggen. Festivalcruise på Bjørnefjorden er ein tradisjon i Os, og må opplevast! VIP-teltet får og besøk av artisten.

Kjell ELVIS
Konferansier
Årets konferansier på Osfest blir sjølvaste Kjell Elvis. Dei med VIP billettar kan og oppleva Elvis show saman med Twang Gang. Kjell Elvis er europamestar, nordisk mestar og bronsevinnar i VM i Elvis-imitasjon. Han har fått sitt namn i Guiness´Rekordbok etter å ha sunga Elvis låtar 40 timar i strekk!